Banebrytande lov mot gribbefond

Storbritannia har som første land i verda vedteke ei lov mot gribbefond som profitterer på u-landsgjeld. ”Dette betyr at dei fattigaste landa i verda ikkje lenger kan verte angripne av kritikkverdige investeringsfond som veks seg feite på andre sin nød”, seier Nick Drearden, leiar i den britiske organisasjonen Jubilee Debt Campaign. Han oppfordrar no andre til å følgje Storbritannia sitt eksempel.

endthevultureculture-size470x1200quality75

Etter mykje fram og tilbake vart lovforslaget om å beskytte dei fattigaste landa i verda mot gribbefond endeleg teke opp i det britiske parlamentet i dag. Lova inneber at dei så kalla gribbefonda ikkje lenger skal kunne krevje full tilbakebetaling av u-landsgjeld som har vorte kjøpt billig på gjeldsmarknaden. I november 2009 fekk to gribbefond gjennomslag på krav om til saman 20 millionar dollar i den liberianske høgsteretten. Dette var ei gamal gjeld frå 70-talet som fonda hadde kjøpt billig. Den nye lova vil sannsynlegvis føre til at den dommen ikkje kan gjennomførast.

”Vi håper dette er eit første steg mot eit meir rettferdig finanssystem som opererer for det store fleirtalet og ikkje for eit lite mindretal av uetiske investorar,” seier Drearden. Lovforslaget vart blant anna støtta av erkebiskop Desmond Tutu, den liberianske presidenten Ellen Johnson Sirleaf og president Bharrat Jagdeo fra Guyana.


Les meir på Jubilee Debt Campaign sine nettsider.
Foto: Jubilee Debt Campaign



Les også:

Facebook Twitter Email