Arkaisk ‘avtale’ for europeisk dominans (Klassekampen)

Kristalina Georgieva frå Bulgaria er blitt valgt som ny leiar i Det internasjonale pengefondet (IMF), og ho tiltrer 1. oktober. Det viser at USA og Europa framleis krever dominans i internasjonale finansinsitusjonar, på tross av sterk kritikk.

Lite gentleman-aktig

Sidan IMF og Verdensbanken blei oppretta for 75 år sidan har det vore ein stilleteiande einighet, ein såkalla Gentleman’s Agreement, om at Verdensbankens leiar skal vere ein amerikanar, og IMF sin leiar ein europear.

Amerikanske David Malpass blei leiar i Verdensbanken tidlegare i år, og no er nok ein europear valgt til leiar i IMF. Einigheita lever altså i beste velgåande framleis, men det er lite som er “gentleman”-aktig ved den.

Merittbasert (og nasjonalitetsavhengig)

SLUG og internasjonalt sivilsamfunn har kritisert praksisen i eit brev til IMF. Institusjonens vakre ord om ein open, transparent og merittbasert utvelgingsprosess blir hule når dei ikkje tillet alle kvalifiserte kandidatar, uavhengig av nasjonalitet, å bli vurdert på lik linje. IMF oppheva til og med den øvre aldersgrensa for organisasjonens leiar, slik at den europeiske kandidaten kunne bli valgt.

Det var nemleg andre aktuelle kandidatar til stillinga, til dømes José Antonio Ocampo frå Colombia eller Sri Mulyani Indrawati frå Indonesia. Det blei likevel berre ein nominert: Kristalina Georgieva, nominert av EU.

Eit IMF for framtida

Det er nyttelaust for andre land å nominere nokon når USA og Europa har overveldande fleirtal i stemmegivinga. Det er dei som må ta initiativet til ein betre prosess. IMFs ekskluderande valgpraksis svekkar tilliten til organisasjonen, i ei tid med auka fare for gjeldskriser og manglande samarbeidsvilje internasjonalt. For å bestå må fondet ta inn over seg relevansen av deltaking frå låg- og mellominntektsland på leiarnivå.

Ei gruppe tidlegare tilsette i fondet har også kritisert prosessen. Dei seier at ved å utelukke ikkje-europearar frårøvar organisasjonen både talent og uavhengigheit frå ein kritisk rolle, og at det undergraver organisasjonens legitimitet.

Ein kritikk av prosessen, ikkje personen

Det er viktig å understreke at dette ikkje er ein kritikk av Georgieva, men ein kritikk av systemet som valgte henne. Ho verkar kvalifisert til jobben, og det er interessant at ho er den første presidenten frå eit land definert som “framvoksande marknad”. Me håpar at Georgieva med den bakgrunnen skal fremme behova til låg- og mellominntektsland meir enn tidlegare presidentar.

Jubileum er tid for reform

SLUG meiner fondet må fornye seg for å bevare sin relevans. Det har vore enorm gjeldsvekst dei siste åra, og det er fleire land som allereie er på veg inn i gjeldskriser. Utvelgingsprosessen er eit arkaisk, udemokratisk system for å behalde europeisk og amerikansk dominans i dei store finansinsitusjonane, noko som undergraver legitimiteten som trengs for å løyse komande utfordringar. For å feire sitt eiget 75-årsjubileum bør IMF ta nye skritt inn i framtida, blant anna ved å ta eit oppgjer med The Gentleman’s Agreement.



Les også:

Facebook Twitter Email