Lån frå Kina - til utvikling eller ulykke

27. november i år arrangerte Erlassjahr, Urgewald og Brot für die Welt ein konferanse i Berlin om Kinas rolle som kreditor. Kinesiske lån er blitt ein stor del av gjeldsbyrden for mange utviklingsland, og det er stor usikkerheit knytt til kva det vil seie i tida framover. Er anklagene om gjeldsfelle-diplomati sanne, eller blir Kina framstilt slik fordi vestlege land føler sin rolle som tradisjonelle, innflytelsesrike kreditorar trua?

Auka kinesiske utlån kan knyttast til Kinas behov for oppretthalde den økonomiske veksten i landet. Kina sitt ‘Belt and Road Initative’ (BRI) er ein viktig del av dette; ei storstilt satsing på infrastruktur og økonomiske korridorar i Asia og Afrika. Meir enn 130 land har inngått avtaler med Kina knytt til BRI, og Verdsbanken anslår at Kina hittil har investert 575 mrd. dollar i prosjektet. Prosjektet blir kritisert for å føre til ikkje-bærekraftige gjeldsbyrder i mange land, for å bidra til korrupsjon, og for å føre til store miljøskader med svært negative konsekvensar for berørte lokalsamfunn.

Anslag frå Aid Data, som sjølv understrekar at det er vanskeleg å finne tilstrekkeleg informasjon, syner at Kina har lånt ut minst 81 mrd. dollar gjennom bistandsliknande lån, men 216 mrd. dollar i meir kommersielle lån, frå 2000 til 2014. Ein del av dette vil då også ha vore gjennom BRI.

Kinas utlån forverrar situasjonen

Enkelte hevdar at ein av grunnane til at Kina er ein så attraktiv kreditor er at det er færre politiske kondisjonalitetar, i motsetnad til slik det er med lån frå til dømes IMF og Verdensbanken, som ofte krev auka privatisering og kutt i offentlege budsjett. Det kan også vere at låntakarane samtidig får færre krav som går på menneskerettar og miljøstandardar.

I Bangladesh har Kina lånt ut mykje pengar til kullkraftverk. Det har ført til landran frå minoritetsgrupper og store miljøskader. Sivilsamfunnet manglar tilgang til rettssystemet for å støtte innbyggarane som blir påverka av dette. Kina blir skulda for å eksportere ein ovanfrå og ned-modell, med tett samarbeid med styresmaktene på nasjonalt nivå, men lite kommunikasjon med lokalsamfunna som blir berørt av prosjekta eller lokale beslutningstakarar.

Img 1294

Hasan Mehedi frå Bangladesh Working Group on External Debt fortel om BRI-prosjekt i Bangladesh. Foto: Synnøve Ofte Jakobsen

På konferansen var det innlegg også frå ein sivilsamfunnsrepresentant frå Filippinene, Rodolfo Lahoy, som meinte Kinas utlån er ei forlenging av dei imperialistiske tendensane ein har sett frå vestlege långjevarar lenge, ved at ein utøver større og større påverknad over utviklingsland ved å gjere landa avhengige av utlån. I følgje Lahoy bidrar Kina slik sett til å forlenge utnyttinga av ressursrike utviklingsland slik vestlege kreditorar har gjort, samtidig som dei utnyttar svake styresett til sin eigen fordel. Kina er dermed ikkje nødvendigvis så mykje betre eller verre enn andre bilaterale kreditorars. Då gir det meining at vestlege land, særleg USA, som betraktar kinesiske lån med svært stor skepsis held fast på gjeldsfelle-narrativet, fordi dei føler at innflytelsen deira svekkast av kinesiske lån.

Kina bidrar med nødvendig finansiering

Ein sivilsamfunnsrepresentant frå Zambia, Trevor Simumba, hadde eit atskillig meir velvillig syn på kinesiske lån. Zambia har store gjeldsproblem, og Kina er den største enkeltkreditoren. I følgje Simumba er ikkje problemet Kina, som bidrar med midlar Zambia treng, og som andre ikkje har vore villige til å gje. Problemet er at Zambias styresmakter er uansvarlege, og at dei ikkje høyrer på zambisk sivilsamfunn som krev ein meir forsvarleg lånepraksis. At det fører til problem i Zambia skuldast uansvarlegheit frå myndigheitene der, ikkje at Kina bidrar til å finansiere viktige infrastrukturprosjekt. Kina er ikkje berre ein kreditor for Zambia, men ein viktig handelspartner som den største kjøparen av kopar frå Zambia. Skepsisen til Kina er aukande også der, men ein ser likevel Kina som ein del av løysinga og ein god partner, meiner Simumba.

Det er også tvil om kor stor skuld Kina eigentleg har i dei urovekkande høge gjeldsbyrdene i verda i dag, delvis på grunn av mangelen på data. Rett nok er Kina ein stor utlånar, men dei har ikkje hatt lånefest aleine. I følge China-Africa Research Initative er berre 3 av 17 afrikanske land i store gjeldsproblemer grunna kinesiske lån, medan 14 land anten har liten gjeld til Kina eller stor gjeld både til Kina og tradisjonelle kreditorar. Konklusjonen då er at Kina ikkje er ein stor bidragsyter til gryande gjeldskriser i afrikanske land. Det som er meir sikkert er at Kina bidrar til å føre systemet av gjeldsavhengighet og vanstyre vidare.

China Zambia

Kinas president, Xi Jinping, og presidenten i Zambia, Edgar Lungu. Foto:Nicolas ASFOURI / POOL / AFP

Endring må til

Dessutan er det ein del som tyder på at Kina er meir villige til å restrukturere gjeld enn tradisjonelle kreditorar. Kina har gjennomført fleire restruktureringar og kutta i gjeldsbyrden som resultat av forhandlingane. Ein har likevel eksempel på at å misleghalde kinesisk gjeld kan føre til at Kina overtek store landområde og viktig infrastruktur, som betaling for gjelda. Det mest kjente er kanskje Hambantota-havna i Sri Lanka. Etter at Sri Lanka misleghaldt gjeld til Kina blei dei tvungne til å overgje hamna som blei bygd for lånet (hovudsakleg bygd med kinesisk arbeidskraft) og 15000 dekar av landet rundt til Kina for dei neste 99 åra. Dette er noko av grunnen til at ein har vore så skeptisk til korleis Kina vil handtere misleghald, men som sagt er det mykje som tyder på at restruktureringar er langt vanlegare ved gjeldsproblem knytt til Kina enn overtaking av land.

Det er likevel fleire manglar i det kinesiske utlånssystemet, som også gir grunnlag for kritikk. Det største problemet er kanskje mangel på openheit. Kondisjonaliteter for låna er ikkje offentleg tilgjengelege, så det er vanskeleg å vite kva avtaler ulike statar har inngått med Kina for å få lån. Det er også generelt lite openheit kring korleis ulike kinesiske statelege organ opererer, og kva vurderingar dei gjer av gjeldsbærekraft. Det er heller ingen lov i Kina som krev at statlege aktørar samarbeidar eller utvekslar informasjon, så lån gitt som ein del av bistandsprogrammet til Kina konkurrerer mot kommersielle lån gitt gjennom statlege kinesiske bankar. Utan meir openheit i prosessane og lånevilkåra er det vanskeleg å halde kinesiske utlånarar ansvarlege.

Img 1288

Det kompliserte kinesiske utlånssystemet, som altså i stor grad manglar samkøyring og kommunikasjon seg i mellom. Foto: Synnøve Ofte Jakobsen

Noko av grunnen til dette er at i Kina blei pengar til långjeving tilgjengeleg før det var noko heilskapleg system for å handtere utlån, heilt motsett av slik det har vore for tradisjonelle, vestlege långjevarar. Etterkvar som systemet utviklast og forbetrast, ser det ut til at kinesiske myndigheiter tek ein viss sjølvkritikk. Det er mogeleg at openheit og ansvarlegheit vil forbetrast, men det er usikkert kor omfattande forbetringane vil bli, særleg sidan rommet for kritiske systemkritiske stemmer i Kina er lite.

Framleis mykje usikkerheit

Det er mange ulike syn på Kinas utlån. Det verkar likevel som at det blir meir og meir tydeleg at ein må få til samarbeid med Kina for å kunne løyse gjeldskrisene som ventar. Det gjeld både gjennom G20, IMF og bilateralt. Andre att talar for at Kina bør bli medlem av Parisklubben, men den kreditorgruppa er også utsett for kritikk for å passe for godt på kreditoranes pengar på bekostning av befolkninga i land i gjeldskriser. Andre att meiner at ein ikkje bør samarbeide med Kina, for å ikkje legitimere menneskerettsbrota regimet står for.

Det same gjeld likevel for kinesiske lån som for alle andre lån til statar: ein treng meir openheit, og styrking av ansvarlegheit og styresett, både frå Kina og frå låntakarland. Konklusjonen er altså at det framleis er mykje usemje og usikkerheit knytt til Kina som kreditor. Kinesisk finansiering er viktig å diskutere på grunn av storleiken av finansieringa, uansett kva ein elles måtte meine om Kinas agenda eller måte å gjere det på. Det er liten tvil om at Kina kjem til å spele ei rolle i nye gjeldskriser som truar med å kome, og at Kina dermed også må ta del i løysingane.



Les også:

Facebook Twitter Email