Kven betaler gjelda?

Uansvarleg långjeving burde få konsekvensar for dei som har ikkje har vurdert risikoen godt nok. Likevel ser ein at det ofte er befolkninga som må bære byrden av uansvarleg långjeving, for IMF kjem uansvarlege långjevarar til unnsetning igjen og igjen. Kva er konsekvensane av dette?

Dei siste åra har verdas samla gjeld økt svært raskt. Tal frå Det internasjonale pengefondet (IMF) syner at 32 av 72 låginntektsland anten er i gjeldskrise allereie, eller har høg risiko for å hamne i krise. Andre kjelder, til dømes Global Sovereign Debt Monitor, seier at talet på gjeldskriser er mykje høgare, nemleg at 122 av 154 undersøkte land har ein kritisk gjeldsbyrde.

Skjermbilde 2019 08 09 15 04 37

Kartet frå Global Sovereign Debt Monitor 2019. Dess mørkare fargen på landet er, dess verre er gjeldssituasjonen.

Når ein skal undersøke kor kritisk eller bærekraftig gjelda til eit land er, ser på mellom anna på kor stor gjelda er i forhold til statens inntekter. Sidan 2010 har gjelda økt med 85% i utviklingsland, når ein ser på gjeldsstorleik i forhold til inntekt. Det vil seie at gjelda aukar, men det blir mindre pengar å betale tilbake med, og ein stadig større del av statsbudsjettet må gå til å betale avdrag og renter.

Då blir det også mindre pengar på andre budsjettpostar, som helse, utdanning og investeringar i infrastruktur. Slike kutt i offentlege utgifter er også er eit krav frå Det internasjonale pengefondet, IMF, for å få kriselån når økonomien går verkeleg dårleg. Dei landa som har måtte kutte mest i offentlege utgifter er Angola, Egypt, Kamerun og Mongolia.

Avtale med IMF, men ingen endring

Desse fire landa har låneavtaler med IMF, men utan at restrukturering av gjelda dei har er ein del av IMFs låneprogram. Restrukturering vil seie å forhandle om vilkåra for lånet fordi ein ser at tilbakebetalinga kan bli svært vanskeleg, og er kanskje det viktigaste grepet eit land kan ta når ei gjeldskrise truer. Det kan til dømes innebere å bli einige om lågare renter, å forlenge nedbetalingstida, eller rett og slett å redusere sjølve lånesummen.

Dei som har lånt ut pengar til utviklingsland på ein uansvarleg måte har ikkje sjekka om landet si gjeld er for stor før dei gir eit nytt lån, for dei reknar med at IMF kjem på banen viss det blir krise. Dei treng heller ikkje å godta å vere med på ei restrukturering, med mindre IMF krever det, noko dei altså ikkje alltid gjer. Dei får fullt betalt frå IMF, så kvifor skulle dei gå med på å forhandle for å få mindre pengar?

Spekulasjon i dårleg berekraft

Private långjevarar kan tene store pengar på å spekulere i å låne pengar til eit land med mykje gjeld. Mellom anna fordi landet har stor gjeld frå før kan långjevarane krevje høgare renter, men dei tek likevel liten eigentleg risiko, sidan dei kan rekne at IMF vil sørge for at dei får fullt tilbakebetalt. IMF har eigentleg eit prinsipp om at dei ikkje skal gje kriselån til land der gjelda er så stor at den ikkje er berekraftig, men dei har ingen god definisjon på kva som er ‘berekraftig’ gjeld. Så lenge IMF ikkje følger sitt eiget prinsipp, vil slik spekulasjon kunne vere lønsamt, særleg for uansvarlege långjevarar.

Befolkninga betaler

Dei som betaler prisen for dette, er dei som får kutt i lønningar og pensjonar, og dårlegare tilgang på offentlege tenester. Dette fører igjen til auka ulikskap i befolkninga. I Egypt til dømes, eit av landa som har avtale med IMF utan å restrukturere gjelda si, har fattigdomen auka dei siste åra, og no lever 1 av 3 i fattigdom.

Også komande generasjonar får slite, sidan det også manglar pengar til å investere i infrastruktur som kunne betra levestandarden på lang sikt. Det er heller ikkje pengar til investeringar i klimatiltak og grøn omstilling, noko som også vil ramme dei yngste og dei neste generasjonane.

Den siste utbetalinga under IMFs låneprogram til Egypt blei nettopp godkjend. Om låna frå IMF har betra Egypt sin situasjon vil vise seg, men hittil ser det ut til at Egypt kan bli nok eit eksempel på at IMF-lån utan krav om restrukturering av gjeld i praksis førar til at uansvarleg långjeving ikkje får konsekvensar for utlånarane, men for befolkninga.

Uansvarlegheit betaler seg

Befolkninga sit att med katta i sekken. Långjevarane blir lønna for uansvarlegheit, og styresmaktene er i ein fastlåst situasjon der dei må halde fram å betale på gjeld til IMF, samtidig som dei ikkje har pengar til å få økonomien på beina att. IMF må slutte å betale ut uansvarlege långjevarar, men alltid krevje restrukturering av gjelda, slik at ein faktisk løyser problemet heller enn å forlenge det.



Les også:

Facebook Twitter Email