Den nye gjeldsfella

Responsen på finanskrisa la grunnlaget for ei ny gjeldskrise, viser rapport.

Verdas gjeldskriser er større og djupare enn det ein har trudd tidligare. Det viser ei ny studie gjort av Jubilee Debt Campaign. Funna i rapporten ”The New Debt Trap” viser at 24 land er i gjeldskrise, og at 71 andre land står i fare for å hamne i gjeldskrise. Den globale gjelda har auka med 30 prosent på fire år. Rapporten åtvarar spesielt mot utviklinga i fattige land. Studia viser at gjeldsauken er aller størst i utviklingsland, og det er her konsekvensane av gjeldskriser vil ramme hardast.

Medan IMF og Verdsbanken publiserar analyser av gjeldsbærekrafta til dei minst økonomisk utvikla landa, ser Jubilee Debt Campaign på heile verda. For å finne ut om eit land er i gjeldskrise eller i faresona har rapporten sett på fire indikatorar. 1: Landet si samla netto gjeld, både privat og offentleg, 2: Størrelsen på den offentlege gjelda til utanlandske kreditorar i dag, 3: Framtidig nedbetaling på offentleg gjeld, skulda til utanlandske kreditorar og 4: Om landet har underskot på statsbudsjettet.

Av Jubilee Debt Campaign, oversett av SLUG – Nettverk for rettferdig gjeldspolitikk:

Denne rapporten (40 sider) og utdraget (8 sider) undersøkjer all gjeld som land skuldar – både privat og offentleg gjeld – minus gjelda som er skulda til desse landa. Rapporten finn at gjeldsnivået i verda har stige frå 11.3 billionar dollar i 2011, til 13.8 billionar dollar i 2014. Rapporten estimerar at gjelda vil auke til 14,7 billionar dollar i løpet av 2015.

Store globale debitorar, inkludert USA, Storbritannia, Frankrike, India og Italia har auka gjelda si til resten av verda. Samstundes har Tyskland, Japan og Russland auka deira overskot.

Låg-inntektland skuldar stadig meir gjeld, og dei tek opp nye lån hurtig. Mosambik er det landet i verda som har mest offentleg og privat gjeld, i høve til brutto nasjonalprodukt (BNP). Utlån til låg-inntektland har tredobla seg sidan 2008. Desse utlåna starta med at låg-inntektlanda tok opp meir gjeld for å handtere finanskrisa. Dette har blitt følgt av ei auke av lån som blir rekna som bistand, blant anna frå institusjonar som IMF. I tillegg har Kina kome på banen som ein ny utlånar, og låge renter i vestlege land har ført til at private utlånarar har satsa på utviklingsland, fordi dei får høgare utbytte der.

Rapporten har funne ni land som er avhengige av å låne pengar frå utlandet: Bhutan, Etiopia, Ghana, Laos, Mongolia, Mosambik, Senegal, Tanzania og Uganda. Desse landa er i større vekst enn dei andre låg-inntektlanda, og dei sosiale forskjellane aukar. I eksempelvis Etiopia auka BNP med 60 prosent per person mellom 2005 og 2011. Samstundes auka talet på dei som lever på mindre enn 2 dollar om dagen med 5,4 millionar.

Les det 8 siders utdraget av rapporten her.

Les heile rapporten på 40 sider her.



Les også:

Facebook Twitter Email