Ber om gjeldsslette for kriseramma Nepal

SLUG går saman med Kirkens Nødhjep inn for at jordskjelvramma Nepal skal få sletta gjeld. I dag brukar Nepal meir pengar på å betale utanlandsgjeld enn landet får i nødhjelp etter det massive skjelvet. 

katmandu odeleggelser 1000

KATMANDU: Bilder viser redningsarbeid og Nepal sin hovudstad Katmandu. SLUG og Kirkens Nødhjelp har starta eit oppror for gjeldslette for Nepal. Foto: Arne Grieg Riisnæs/Kirkens Nødhjelp

SLUG og Kirkens Nødhjelp meiner denne gjeldsbyrda er urimeleg og at kreditorane må ta ansvar:

- Nepal står ovanfor enorme utfordringar etter jordskjelvet. Det er urimeleg å kreve at landet samtidig skal betale utanlandsgjelda si, seier Wenche Fone, leiar for utviklingspolitisk avdeling i Kirkens Nødhjelp.

- Regjeringa må bruke den makta dei har til å påvirke Norge sin styrerepresentant i IMF og Verdsbanken for å få til eit initiativ for gjeldslette for Nepal, seier Astrid Iversen, styreleiar i SLUG - Nettverk for rettferdig gjeldspolitikk. Åtte millionar mennesker er ramma av jordskjelvkatastrofa.

Be regjeringa ta initiativ til gjeldslette for Nepal! Send SMS med kodeord OPPROP NEPAL og ditt navn til 2468. 

Nepal skuldar i dag 3,8 milliardar dollar til utanlandske kreditorar, i følge tal frå Verdsbanken. Det aller meste av dette er lån frå Verdsbanken, Den asiatiske utviklingsbanken og Det internasjonale pengefondet, IMF. I 2013 så brukte Nepal i alt 217 milliardar dollar på nedbetaling av gjeld og renter. Til samanlikning så har landet til no fått 103 milliardar dollar i nødhjelp etter jordskjelvet, viser tal frå FN.

- Det er denne skeivheita som bidreg til å gjere det vanskelegare for Nepal å reise seg igjen etter jordskjelvet. Den norske regjeringa må sende eit klart bodskap Verdsbanken og IMF om gjeldsslette til Nepal, seier styreleiar i SLUG, Astrid Iversen.

KRISEFOND

Etter jordskjelvet på Haiti i 2010 så oppretta IMF eit krisefond for å hjelpe land etter katastrofer, blant anna med gjeldslette. Norge var den gongen eit av landa som pressa på for å få fondet vedtatt. Fondet blei sist brukt under ebolaepidemien i fjor då tre land fekk 100 millionar dollar i gjeldslette.

- No må denne mekanismen bli brukt ovanfor Nepal. Me meiner at støtta som blir gjeve til å bygge opp Nepal må kome som gåver og ikkje som lån, seier styreleiar Iversen som får støtte frå Wenche Fone, i Kirkens Nødhjelp:

- Dette er ein kritisk situasjon for Nepal, og verdssamfunnet har eit ansvar for å hjelpe landet i gjenoppbygginga. Ikkje berre treng ein ressursar i den akutte fasa. Den langsiktige gjenoppbygginga  vil kreve ressurser i årevis framover.

Kontakpersonar for medier som er interessert i denne saka:

  • Kirkens Nødhjelp: Wenche Fone, leiar av utviklingspolitisk avdeling (Mobil 930 11 420)
  • SLUG - Nettverk for rettferdig gjeldspolitikk: Astrid Iversen (Mobil 480 97 239)


Les også: