NRK med oppslag om SLUG sitt krav om etiske retningslinjer for statsobligasjonar

NRK med oppslag om SLUG sitt krav om etiske retningslinjer for statsobligasjonar

SLUG vil ha etiske retningslinjer som sørger for at pengar frå Oljefondet ikkje ender opp som illegitim gjeld. Krava til SLUG og mangelen på etiske retningslinjer for statsobligasjoner blei hovedoppslaget til NRK.no som laga to artiklar på temaet. 

 

Behovet for etiske retningslinjer for oljefondets blei sett på medieagendaen då NRK på nett tok fatt i at SLUG. 4. mai deltok høringa hos Finanskomiteen og leverte både skriftleg og munnleg innlegg til dei folkevalte.

Les NRK-artikkelen om Norge sine plasseringer her

Les NRK-artikkelen om at også Venstre sluttar seg til SLUG-initiativ for utredning av etiske retningslinjer

Objektive krav om openheit

SLUG er opptatt av pengar frå Statens Pensjonsfond Utland ikkje skal ende opp som illegitim gjeld hos andre statar. I tillegg er det viktig å sikre at låna som andre statar tek opp frå Norge, ikkje blir brukt på ein måte som mot befolkninga sine interesse eller beste. Samtidig er det viktig for SLUG at Oljefondet ikkje blir brukt som utanrikspolitisk virkemiddel. Det er grunnen til at SLUG foreslår at forvaltninga av kva land ein kjøper statsobligasjonar av, skal følgje objektive retningslinjer som er lik for alle.

I rapporten Etisk underskudd foreslår SLUG fem objektive kriterium og indikatorar på openheit.

Økonomisk openheit:

Får borgarane innsikt i nasjonalregnskapa, er budsjettprosessen open for deltaking og blir offentlegheita informert om gjeldsspørsmål?

Juridisk Openheit:

Har dei ulike delane av stats- og myndigheitsapparatet formelt definerte roller i gjeldsspørsmål og er dei i så fall i tråd med UNACTAD-prinsippa?

Politisk openheit:

Er det er eit formelt demokrati i landet, er det eit konsolidert demokrati, rapporterar den delen av myndigheitene som tek opp lån til nasjonalforsamlinga om gjeld, er informasjon om gjeld offentleg tilgjengeleg, og kva er situasjonen med tanke på korrupsjon?

Finansiell openheit:

Korleis blir landet rangert i skatteparadis-indeksar, og kor godt er Basel3-reformene implementert?

Ytrings- og organisasjonsfridom:

Kor god er pressefridomen, er organisasjonsfriheita grunnlovsfesta, er det de facto organisasjonsfridom? 

I løpet av mai så  skal Stortinget ta stilling til om dei vil utrede eit etisk regelverk for Oljefondet. Venstre vedtok 13. april på sitt landsmøte at dei er for ei slik utredning, og sluttar seg dermed til SV, Senterpartiet og KrF. 



Les også: