Historisk dobbelsiger for SLUG i Stortinget

Norsk gjeldsrevisjon og nasjonale retningslinjer for utlån. Gjennomgang av mulegheitene for etikk for Oljefondet sine investeringar i statsobligasjonar. Fleire av SLUG sine kampsaker har no fått støtte frå eit samla Storting. "No reknar vi med at Regjeringa følgjer opp," seier Øygunn Brynildsen, styreleiar i SLUG. 

8. juni 2009 vart ein historisk dag for den norske gjeldsrørsla. Stortinget behandla då Stortingsmelding 13: Klima, konflikt og kapital (Utviklingsmeldinga). "På gjeldskapitlet hadde ein einstemmig utanrikskomité kome med ei utruleg god innstilling," seier Brynildsen. "Sjølv om det var svært lite sannsynleg at det skulle bli endringar då meldinga vart behandla i plenum i Stortinget, turte vi ikkje sleppe jubelen laus før vedtaket var fatta. Eit samla Storting ber no om både gjeldsrevisjon og retningslinjer for norsk utlån. Dette er historisk og viser at arbeidet vårt nytter," seier SLUG-leiaren vidare. Om Regjeringa følgjer opp stortingsvedtaket, vil Norge vere det første kreditorlandet i verda som gjennomfører ein gjeldsrevisjon.

I SLUG sitt høyringsinnspel til behandlinga av Utviklingsmeldinga var hovudtemaet at meldinga mangla konkretiseringer for korleis ein ville følgje opp ein i utgangspunktet god gjeldspolitikk. Forslag til konkretiseringer var nettopp gjeldsrevisjon og retningslinjer for norsk utlån. Dette var også to av krava i kampanjen SLUG, saman med Changemaker og Kirkens Nødhjelp, hadde hausten 2008. Det tredje kravet, om ei internasjonal arbeidsgruppe, har allereie langt på veg blitt møtt gjennom at Norge støttar eit initiativ i UNCTAD. "Kampanjen vart støtta av over 11.000 personar og 28 organisasjonar, inkludert samtlege ungdomsparti. Alle desse kan no glede seg over at dei har bidrege til ein meir ansvarleg norsk gjeldspolitikk," seier Brynildsen. SLUG og Changemaker sitt arbeid vart også framheva både i innstillinga frå Utanrikskomiteen og då saksordførar Dagfinn Høybråten (KrF) presenterte innstillinga i plenum.

Etikk for statsobligasjoner

Politikarane ga også SLUG ein annan god grunn til å juble denne dagen. Tidlegare på dagen behandla nemleg Stortinget Stortingsmelding 20: Om forvaltningen av Statens Pensjonsfond i 2008. Også her hadde SLUG vore aktiv i forkant, gjennom lansering av rapporten "Borrow My Pension", høyringsinnspel, medieoppslag og møter med politikarar. Målet var vidare arbeid med etikk for investeringane i statsobligasjonar, noko Finansdepartementet hadde avfeia. No har fleirtalet på Stortinget bedd Finansdepartementet om å kome med "en nærmere gjennomgang av mulighetene for å videreutvikle fondets etiske retningslinjer også for investeringer i statsobligasjoner". SLUG sin rapport kom på eit viktig tidspunkt, noko ein mellom anna kunne lese i Morgenbladet 29. mars. Heikki Holmås, som representerer SV i Finanskomiteen, er sitert i artikkelen Inn i Afrika, ut av Israel; "Da statsobligasjoner ble vurdert forrige gang var det ingen frivillige organisasjoner som hadde jobbet seriøst med dette, sier Holmås videre, og peker på at nå har organisasjonen SLUG laget det han kaller en solid rapport."

"Det har blitt gjort lite arbeid internasjonalt på koplinga mellom ansvarleg långjeving og statsobligasjonar. Men statsobligasjonar spelte ei viktig rolle i gjeldskrisa på 80-talet og stadig fleire utviklingsland utsteder no slike obligasjonar, som er ein type gjeldsbrev. Som ein ansvarleg investor og ein ansvarleg utlånar er det derfor veldig positivt om Regjeringa no vil ta meir ansvar også på dette området," seier Brynildsen. "SLUG ventar no sjølvsagt at Finansdepartementet vil følgje opp det Stortinget har bedd om." 

Engasjement nytter

I samband med Utviklingsmeldinga framheva også Utanrikskomiteen at eitt av lyspunkta gjennom det siste tiåret er "de betydelige gjennombrudd som er oppnådd internasjonalt i arbeidet for å ettergi gjeld til verdens gjeldstyngede og fattige land". Og komiteen støtter mellom anna også SLUG sine krav både om ei internasjonal mekanisme for gjeldslette som også skal vurdere legitimitet, og eit bindande internasjonalt regelverk for ansvarleg långjeving. "Det vi ser, er at vårt langsiktige informasjons- og påverknadsarbeid nytter, spesielt når dette blir kombinert med målretta arbeid opp mot aktuelle prosessar. SLUG vil no jobbe vidare både nasjonalt og internasjonalt for å halde oppe presset på dette viktige området," avsluttar Brynildsen.


Les meir
Les Utanrikskomiteen si innstilling til Klima, konflikt og kapital.
Les SLUG sitt høyringsinnspel til Utanrikskomiteen.
Les Finanskomiteen si innstilling til Om forvaltning av Statens Pensjonsfond i 2008.
Les om, og last ned, rapporten Borrow My Pension.
Les SLUG sitt høyringsinnspel til Finanskomiteen.
Les artikkelen Inn i Afrika, ut av Israel i Morgenbladet 29. mars. (Du må vere abonnent for å få tilgang.)
Les kampanjekronikk signert av leiarane av samtlege ungdomsparti, på trykk i Dagbladet 24.11.08. 



Les også:

Facebook Twitter Email