Spesialrapportør i Oslo

FNs spesialrapportør på gjeld og menneskerettar, Dr. Cephas Lumina, var på offisielt besøk i Oslo 29.-30. april. Målet med opphaldet var først og fremst å lære meir om prosessen rundt slettinga av gjelda etter skipseksportkampanjen.

På møtet med den norske gjeldsrørsla stod naturlegvis skipseksportkampanjen i fokus. Men det vart også tid til diskusjon rundt korleis ein kan bruke menneskerettane i arbeidet med illegitim gjeld og ansvarleg långjeving. Dr. Lumina var svært oppteken av å ha eit godt samarbeid med sivilsamfunnet. Han framheva mellom anna likheitene mellom Eurodad sitt charter for ansvarleg finansiering og dei generelle retningslinjene for utanlandsgjeld og menneskerettar som spesialrapportøren jobbar med. SLUG fekk gode innspel til korleis vi kan styrke vårt arbeid opp mot FN generelt og Menneskerettsrådet spesielt.

Dr. Lumina hadde også møte med UD, GIEK og Norad. Etter turen til Norge reiser han vidare til Ecuador. Ecuador, som gjennomførte ein gjeldsrevisjon i fjor, og Norge blir begge sett på som føregongsland på gjeldsområdet. Dr. Lumina vil rapportere på arbeidet sitt til FNs Menneskerettsråd i juni og til FNs Generalforsamling i haust.


Les meir om Dr. Lumina sitt mandat og arbeid på nettsida til the Independent Expert on the effects of foreign debt and other related international financial obligations of States on the full enjoyment of all human rights, particularly economic, social and cultural rights.



Les også:

Facebook Twitter Email