Global kampanjeveke

For 4. gong arrangerer ulike organisasjonar og rørsler i det internasjonale nettverket International South North Campaign on Illegitimate Debt ei global kampanjeveke med fokus på gjeld og dei internasjonale finansinstitusjonane. Målet er å mobilisere bredt for varige løysingar som vil gjere ei anna, meir rettferdig verd mogeleg. 

For 4. gang arrangerer ulike organisasjonar og rørsler i det internasjonale nettverket International South NorthCampaign on Illegitimate Debt ei global kampanjeveke med fokus på gjeld og dei internasjonale finansinstitusjonane. Målet er å mobilisere bredt for varige løysingar som vil gjere ei anna, meir rettferdig verd mogeleg.

Under slagordet "bryt lenkene, endre systemet" gjennomfører organisasjonar frå Jubilee South-nettverket ulike arrangement i den globale kampanjeveka. Hovudfokus vil vere dei sosiale og økologiske kostnadane ved gjeld i land i Sør, samt dei internasjonale finansinstitusjonane (IFI) si rolle. Nokre av dei mest sentrale aksjonstema internasjonalt er klimafinansiering og solidaritet med Pakistan og Haiti.

Verdsbanken ut av klimafinansiering

Dei globale gjeldsaktivistane krever at Verdsbanken gir opp å forsøke å få ei sentral rolle i klimaforhandlingane, og vil at IFIane trekk seg heilt ut av klimafinansiering. Organisasjonane i kampanjen hevdar at Verdsbanken forsøker å diktere og definere både problemet og løysinga, noko som land i Sør ikkje vil godta ein gong til.

Solidaritet med Pakistan og Haiti

Haiti vart lova mykje gjeldsslette etter jordskjelvkatastrofen i januar. I Noreg gjennomførte vi ein underskriftskampanje og la press på styresmaktene for å jobbe internasjonalt for gjeldsslette. Organisasjonar i Sør krever no at all gjeld må slettast umiddelbart, og at IMF ikkje må stille betingelsar til gjeldsslette. 15. oktober er dagen for solidaritet med Haiti. Dagen før skal organisasjonar markere solidaritet med Pakistan og kreve umiddelbar gjeldsslette. Lite har skjedd etter flomkatastrofen, og oppfordringa frå Sør, og frå organisasjonane, er å rope ut for Pakistan. Les meir om SLUG sin Pakistan-kampanje her.


Les meir:

Eurodad: Global Week of Action against Debt and IFIs: Act now for Pakistan and Zimbabwe

Blog: Global Week of Action against Debt and the IFIs
Jubilee South: Break the Chains - Transform the System
SLUGs kalender: Global Week of Action against Debt and IFIs



Les også:

Facebook Twitter Email