Resultata av Finansiering for Utvikling-konferansen

FN-forhandlingane Finansiering for Utvikling, som skal finansiere fattigdomsutrydding og utvikling, fører til små steg i riktig retning. Det er brei internasjonal semje om at gjeld er eit hinder for utvikling. Men, det blei ikkje einigheit om ein ny uavhengig internasjonal mekanisme som kan forhindre og handtere gjeldskriser.

FfD: Bilde frå forhandlingane under Financing for Development i Addis Abeba 13.-16. juli. Norge var med å tilrettelegge og lede forhandlingane om utkast til tekst i forkant av konferansen. Foto: Wikimedia Commons.

FN og deira medlemsland var samla i Addis Abeba i Etiopia mellom 13. og 16. juli på den tredje konferansen for Finansiering for Utvikling. Føremålet var å finne måtar å finansiere utvikling på og konferansen er tett knytt til arbeidet med dei nye berekraftsmåla. Store delar av forhandlingane om sluttdokumentet som stadfestar kva verdas land skal forplikte seg til var avgjort før sjølve konferansen, gjennom diskusjonar på førebuingsmøtar i løpet av våren 2015.

G77-landa for eit nytt system for gjeldshandtering

Det var markante frontar i forhandlingane i spørsmåla om gjeld og oppretting av ein internasjonal uavhengig gjeldshandteringsmekanisme i regi av FN. Det var hovudsakleg landgruppa  G77 og Kina som jobba for eit nytt uavhengig system for gjeldshandtering. Dei som jobba mot var hovudsakleg EU og USA.

Frontane for eller mot eit nytt gjeldshandteringssystem var identiske som under FN si generalforsamling i september 2014. Då var det avstemming om ein internasjonal uavhengig gjeldshandteringsmekanisme som skal ligge under FN. 124 land stemte for, medan 11 stemte mot og 41 stemte avhaldande. Statane som stemte mot var: USA, Storbritannia, Tyskland, Irland, Finland, Ungarn, Tsjekkia, Japan, Canada, Australia og Israel. Norge var blant dei 41 landa som stemte avhaldande.

Positive trekk i sluttdokumentet

Sluttdokumentet frå Addis-forhandlingane (gjeldsdelen er frå punkt 93 til 102) oppmodar FN sine medlemsland til å vere meir opne og transparente om gjeld. Sluttdokumentet anerkjenner langt på veg problema høge gjeldsbyrder kan føre til, spesielt for utviklingsland. Dette såg ein også under dei to tidlegare konferansane for Finansiering for Utvikling i Monterrey i 2002 og Doha i 2008. Sluttdokumentet frå Addis hadde i tillegg referanse til UNCTAD sine prinsipp for ansvarleg utlån og låneopptak. Dette er positivt då det kan bidra til at desse prinsippa blir styrka og i aukande grad blir teke i bruk.

Eit anna positiv utfall av sluttdokumentet er at det framleis er understreka at både kreditor og debitor har ansvar, når det blir lånt ut pengar. Dette var eit av dei punkta som blei diskutert mest og der frontane var steilast. EU og USA ønska ein tekst der ansvaret skulle ligge eine og åleine på lånetakar. Sluttdokumenta frå Monterrey og Doha slo fast at utlånar og lånetakar hadde eit delt ansvar. Det ville vere eit stor tilbakeslag for gjeldsbevegelsen om prinsippet om delt ansvar blei reversert. Sjølv om teksten på dette punktet er noko svak, blei det til slutt presisert at utlånar også har ansvar:

"Maintaining sustainable debt levels is the responsibility of the borrowing countries; however we acknowledge that lenders also have a responsibility to lend in a way that does not undermine a country’s debt sustainability. In this regard we take note of the UNCTAD principles on responsible sovereign lending and borrowing".

Formuleringar mot gribbefond

Det er også positivt at gribbefond  blei sett på agendaen, her kalla ”non-cooperative bond holders”. Både Belgia og Storbritannia har vedteke lover som vil gjere det vanskeleg for gribbefond å bruke rettssystema i desse to landa for å krevje inn gjeld. Det blei referert til desse lovene i sluttdokumentet. I tillegg blir regjeringar som låner ut pengar gjennom statsobligasjonar, oppmoda til å bruke såkalla Collective Action Clauses og pari passu. Collective Action Clauses er ein klausul i lånekontraktar som sørgjer for at fleirtalet av kreditorane kan binde mindretalet til å delta i restrukturering av gjeld. Dette vil føre til at det blir mykje vanskelegare for mindretalskreditorar, slik som gribbefond, å gå til søksmål mot statar som er i gjeldskrise for å tvinge dei til å betale tilbake heile gjelda. Pari passu-klausulen som sluttdokumentet foreslår at land skal inkludere i sine lånekontraktar, skal sørge for likebehandling av kreditorane og også bidra til å svekke gribbefondsaktivitet.

Kva Finansiering for Utvikling manglar

I sluttdokumentet er det lite som peikar i retning av ein uavhengig institusjon for handtering av gjeld under FN. Det er heller ikkje referansar til UNCTAD sitt "Sovereign Debt Workouts - Roadmap and guide", som legg viktige premiss og føringar for korleis gjeld kan bli handtert betre i framtida.

Trass i auka kunnskap og betre analyser ser ein at gjeldskriser stadig kjem tilbake. Det blir brukt ulike indikatorar på kva som blir definert som gjeldskrise. I følge tal frå IMF står 46 låginntektsland i fare for å hamne i gjeldskrise. I følge ein rapport frå Jubilee UK er 24 land i gjeldskrise i dag. 43 land er i fare, eller i høg fare for gjeldskrise. Konsekvensane av slike kriser er svært ofte at statane må kutte i offentlege budsjett. I veldig mange tilfelle betyr det mindre pengar til helse, utdanning og fleire arbeidsledige. Ein ser at utviklingsland gjennomgåande blir ramma hardare av gjeldskriser og at det er her dei menneskelege konsekvensane blir verst. Gjeldskriser kan gå utover grunnleggande menneskerettar som retten til mat.

Ingen uavhengig gjeldshandtering

I dei aller fleste land har ein lovbestemte konkursmekanismar som sikrar ei rettferdig behandling av privatpersonar eller selskap som går konkurs, men det fins ikkje eit tilsvarande internasjonalt system for statar i dag. Dagens system sikrar ikkje ei balansert og likeverdig behandling av debitor og kreditor. Det er i hovudsak kreditorane, til dømes bankar, statar eller internasjonale finansinstitusjonar, som set fast regelverk og som bestemmer vilkåra for låna og eventuell restrukturering. SLUG meiner at dei eksisterande gjeldshandteringssystema, eksempelvis gjennom IMF og Parisklubben, ikkje er tilstrekkeleg. Verken Parisklubben eller IMF er uavhengige, fordi dei er kreditorar med eigeninteresser. Det må difor opprettast ein uavhengig gjeldshandteringsmekanisme under FN. Arbeidet med dette har allereie starta i FN, men dette blei ikkje anerkjent i sluttdokumentet.

Sluttdokumentet frå Addis har ein del gode referansar og formuleringar som vil kunne støtte opp om arbeidet for ansvarleg utlån og låneopptak. Men, språkbruken i sluttdokumentet er gjennomgåande for svak. Slike sluttdokument er ikkje bindande for statane. Difor er språket som blir brukt viktig. Eit eksempel er referansane til UNCTAD sine prinsipp for ansvarleg utlån. Der står det at ein "legg merke til" dette arbeidet. Det står ikkje at ein oppmodar til å følge desse prinsippa. Det svake språket gjer at sluttdokumentet ikkje bygger nok opp under tiltak som på ein effektiv og uavhengig måte kan vere med å handtere gjeldskriser og hindre fleire land i å hamne i gjeldskrise. Den viktigaste mangelen er at sluttdokumentet ikkje har med noko om ein internasjonal uavhengig gjeldshandteringsmekanisme.



Les også: