Belgia med lov mot gribbefond

Det belgiske parlamentet har vedteke ei lov som skal stoppe gribbefond som kjøper opp statleg gjeld frå utviklingsland frå å gå til sak mot dei i belgiske domstolar. 

Palais de la Nation Bruxelles

FLEIRTAL: Alle partia i det belgiske parlamentet slutta opp om vedtaket som truleg vil sette ein effektiv stoppar for gribbefond som spekulerer i statleg gjeld. Foto: Wikimedia Commons. 

Den 1. juli vedtok det belgiske parlamentet ei lov som skal stoppe gribbefondsaktivitet. Gribbefond operer tradisjonelt ved at dei kjøper opp statleg gjeld til land som har misligheldt låna sine og gått konkurs. Gribbefonda kjøper opp den statlege gjelda billig og til langt under den opprinnelege verdien av låna, og nektar samtidig å delta i forhandlingar om restrukturering og reduksjon av gjelda. Medan andre kreditorar ofte har godtatt restrukturering, vil gribbefonda kreve full tilbakebetaling av låna til opprinneleg verdi. Argentina er eit av landa som har blitt ramma av gribbefond. 

Set ein stoppar

Det belgiske parlamentet har vedteke nye reglar som i praksis seier at ingen kreditorar kan kjøpe opp gjeld, og kreve tilbake meir enn markedsverdien av den gjelda. På denne måten vil insentiva til gribbefonda forsvinne, fordi dei ikkje vil kunne tene på å kjøpe opp dei misligholdte låna. Vedtaket slår også fast at gribbefonda ikkje kan gå til andre land sine domstolar og saksøke Belgia og på den måten tvinge landet til å betale tilbake gjeld til langt over markedsverdi. 

Lova peiker også på fleire kriterium som skal hjelpe dei belgiske domstolane å definere begrepet illegitime fordelar. Det er kriterium og indikatorar som: Held kreditoren til i skatteparadis, var debitor insolvent då kreditor kjøpte opp gjelda, har kreditoren gått til lignande søksmål før, har debitor delteke i restrukturering som kreditor har nekta å involvere seg i, og kva er dei sosiale konsekvensane av å tilbakebetale gjelda.

Gribbefond tok utviklingsstøtte

Tidlegare har ein sett at gribbefond som Kensington International har teke pengar som var øyremerka til utvikling og bistand. Det skjedde ved at fondet krevde pengar som skulle gå til utvikling i Congo Brazzaville. Konsekvensane var at eit planlagt hydroelektrisk kraftverk ikkje blei bygd. I tillegg til å hindre utvikling set gribbefond ofte ein stoppar for internasjonale forsøk på å redusere og restrukturere gjeld. Konsekvensane av dette er at det kan bli nesten umogleg for land å kome seg ut av gjeldskriser.

Treng internasjonal gjeldshandtering

Frå før har Storbritannia vedteke lover for å stoppe gribbefond. SLUG - Nettverk for rettferdig gjeldspolitikk meinar at Belgia sitt vedtak er eit viktig steg på vegen for å stoppe gribbefond. No vil det bli mykje vanskelegare for gribbefond å spekulere i å kjøpe opp statleg gjeld og deretter saksøke landa i belgiske domstolar. Samtidig meiner me at eit multilateralt rammeverk og ein uavhengig internasjonal institusjon for handtering og restrukturering av gjeld må til. Dette vil kunne gjere det enda vanskelegare for gribbefond å kunne operere internasjonalt. 



Les også: