Business as usual?

SLUG deltok nyleg på Eurodads internasjonale konferanse i Ljubljana. Historiane frå dei internasjonale partnerane våre gjorde inntrykk.

Som to relativt ferske gjeldsnerdar, var Eurodads internasjonale konferanse i Ljubljana ein unik moglegheit for oss (dagleg leiar Henrik og politisk rådgjevar Synnøve) å lære meir om kva som føregjeng, snakke med andre som også ynskjer å påverke dei internasjonale finansinstitusjonane, og legge planar for kva det er viktigast at me fokuserer på. Sjølv om me visste frå før at gjeldsnivået over heile verda stig i urovekkande fart, gjorde det inntrykk å høyre historier frå dei internasjonale partnerane våre.

Eurodad Konferanse 5 11062019

I Sør-Amerika er det fleire land som slit med gjelda si, også store økonomiar som Argentina og Brazil. Der har gjelda nådd 100% av BNP, og det er vanskeleg å forhandle med dei mange private kreditorane. Gjelda stig også i Karibia, men der er mange land no klassifisert som mellominntektsland på tross av stor økonomisk ulikskap i befolkninga. Sidan dei ikkje er klassifisert som fattige land, må dei oftare låne av private kreditorar, til høgare renter og dårlegare vilkår. Dermed får dei heller ikkje midlane dei treng til å takle utfordringane med stadig verre ekstremvær og naturkatastrofar, og forsøker å betene gjeld med å ta opp nye lån.

I Afrika får fleire land stadig større betalingsproblem. Zambia er eit tydeleg eksempel på kva som også skjer i mange andre land sør for Sahara. Der er det innført ein sterk kuttpolitikk, som gjennomgåande er retta mot dei fattigare delane av befolkninga, som dermed må betale meir og meir for stadig dårlegare tilgang til offentlege tenester. Det er særleg i afrikanske land, deriblant Zambia, at Kina har starta ein skikkeleg lånefest med færre vilkår for låna og gunstige renter. Det er delte meiningar om kor bra eller dårleg dette er, men det er knytt mykje usikkerheit til kva konsekvensane av Kinas lån vil bli.

Også i Europa er situasjonen stadig meir faretruande. IMF meiner at gjeldssituasjonen i Italia kan true heile Eurosona, og at ein krise i Italia, som blir stadig meir sannsynleg, kan kaste heile EU ut i ein ny økonomisk krise. Ein av våre spanske samarbeidspartnarar fortel at dei ikkje lenger jobbar så mykje med gjeldskriser i det globale sør, for dei treng ikkje å sjå til andre kontinent for å snakke om kor hardt befolkninga kan bli ramma av uhandterleg stor statsgjeld. Spanjolar merkar det på kroppen sjølv, og slit allereie med å få endande til å møtes frå månad til månad.

Situasjonen er altså alvorleg mange stadar. Varsellampene blinkar raudt, og gjeldsorganisasjonar verda rundt forsøker å få nasjonale myndigheiter og internasjonale institusjonar til å fatte alvoret, og endre kurs før ei ny krise rammar. Kjensla av hast og aukande uro var tydeleg under konferansen, men det er oppmuntrande at så mange organisasjonar no dreg i same retning. «We cannot continue business as usual» oppsummerte ein av panelistane på konferansen.

Eurodad Konferanse 4 11062019

Frå "The Debt Workout" på konferansen.

I SLUG skal me gjere vår del. Me skal jobbe vidare med å sikre at Oljefondets investeringar ikkje bidreg til ytterlegare gjeldsproblem i andre land, og å få Noregs delegasjonar til FN, IMF og Verdsbanken til å støtte forslag om bindande reglar for ansvarleg långjeving og låntaking, samt ein internasjonal gjeldsslettemekanisme. Me skal kommunisere tydeleg slik at fleire får høyre historiene om korleis menneske verda rundt får liva sine endra til det verre på grunn av gjeldsbyrdene i landet dei bur i. Etter konferansen er me om mogeleg endå meir overtydde om at arbeidet vårt er viktig. Internasjonalt sivilsamfunn står samla, og det me tek med oss frå Eurodads internasjonale konferanse er innbitt pågangsmot og sterkare motivasjon – ei ny krise kan forhindrast.



Les også:

Facebook Twitter Email