Ei ulykke kjem sjeldan aleine (Bistandsaktuelt)

Korleis skal ein klare å unngå at orkanen Dorian blir til dobbel katastrofe på Bahamas: ikkje berre ei naturkatastrofe men også ei gjeldskrise?

Det som må til er å fryse Bahamas si høge statsgjeld til landet kjem seg på beina att, og sørge for at pengar frå verdsamfunnet til gjenoppbygging ikkje blir gitt som lån.

Orkanen Dorians herjingar på Bahamas har igjen gjort det dagsaktuelt å snakke om korleis me skal takle dei økonomiske sidene ved klimaendringane og meir ekstremvær. Denne gongen trefte orkanen hovudsakleg Bahamas, eit av dei rikaste landa i Karibia, i staden for dei mindre velståande øyane i området. Då orkanane Irma og Maria trefte Puerto Rico i 2017 til dømes, som har mykje høgare fattigdom enn Bahamas, blei tragedien forverra ved at orkanane utløyste ei gjeldskrise.

I Bahamas sitt tilfelle er det kanskje mindre sannsynleg at landet hamnar i ei gjeldskrise etter dette, men det kjem an på kva som skjer framover no. Bahamas har høg gjeld, og mange av låna skal betalast tilbake i løpet av året. Det internasjonale pengefondet har vurdert Bahamas si sårbarheit for naturkatastrofar og ekstremvær som ein av dei største truslane til landets økonomiske stabilitet. Den trusselen kan nå bli ein realitet.

Paradisøyar med høg gjeld

Som mange andre øystatar er økonomien på Bahamas i stor grad basert på turisme. Når orkanane treff får staten enorme utgifter i forbindelse med bygge opp att, samtidig som turistane uteblir. Vondt blir verre når verdssamfunnet på toppen av det heile gir lån heller enn bistand til reparasjonar av tap og skade etter naturkatastrofar.

Gjeldskriser som følge av naturkatastrofar må forhindrast

Etter naturkatastrofar som orkanen Dorian bør statsgjelda frysast, eit moratorium, slik at landet ikkje betalar på renter og avdrag på låna sine før det har kome seg på beina att. Vidare kan ikkje tap-og skadefinansiering skje gjennom lån, i alle fall ikkje til land som allereie har gjeldsproblem. Det er i det heile etisk tvilsamt å tene pengar på naturkatastrofar på den måten. Dersom ein får på plass eit moratorium og god tap- og skadefinansiering vil Bahamas ha ein mykje betre sjanse til å kunne bygge opp att raskt, og førebygge slik at neste orkan ikkje blir ein større tragedie enn nødvendig.

Ekstremvær kan ikkje bli unngått, men det kan gjeldskriser

Orkanar kjem til å halde fram med å herje øystatar i Karibia, det får ein ikkje gjort noko med. Prognosane tyder på at det heller blir meir ekstremvær i framtida. Då er det desto viktigare at ein faktisk førebygger der ein kan. Frysing av gjeld og støtte til reparasjon av tap og skader gjennom andre mekanismar enn lån, vil kunne forhindre i doble katastrofar i Karibia som følge av orkanar i framtida.



Les også:

Facebook Twitter Email